top of page

Bjørneboe 100 år

Sumrane i Leveld var viktige for forfattaren og samfunnsrefsaren Jens Bjørneboe, som i år ville fylt 100 år. På 1950-talet tilbrakte han fleire av dei her, og stabburet han kjøpte, står i dag på Leveld Kunstnartun.

Sundag 23. august blir det difor Bjørneboe-dag på tunet.

Vi inviterer til konsert med Julie Kleive og Joachim Kwetzinsky, som skal framføre nykomponert musikk av Marcus Paus til tekstar av Bjørneboe.

 

Litteraturvitar Kaja Schjerven Mollerin samtaler med Geir Gulliksen om Bjørneboes forfattarskap, og kunstnar Eva Schjølberg presenterer eit heilt nytt, ikkje tidlegare vist, installasjonsverk inspirert av Bjørneboe-loftet.

 

Komponist og samtidsmusikar Mike McCormick heldt konsert inne i stabburet, og vi syner ein film inspirert av Leveld og Bjørneboe av den israelske kunstnaren Shir Handelsman.

Det blir også omvisningar, aktivitetar for born og sal av mat og drikke. For fullt program og oppdateringar, følg Leveld Kunstnartun på Facebook.

Leveld Kunstnartun
Leveld Kunstnartun er et arbeidssted for kunstnere, kulturarbeidere og kunstfagfolk. Hit kommer kunstnere fra hele verden for å arbeide og fordype seg på opphold i den stille, naturnære bygda Leveld, i kortere og lengre perioder.
August
 
Tider:

23. august kl. 12:00

Priser:

Pris ordinær 375.- NOK

Pris medlem 275.-

Pris Barn 120.- NOK

bottom of page